Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Insektarium

Tegning av et flygel med insekter som flyr rundt og oppi.

Insektarium er Siiri Ylijokis første masterkonsert, beståande av to suitar for soloklaver med insekt-tema.

Siiri Ylijoki

Program

Rued Langgaard (1883–1952): Insektarium – 9 fixerbilleder for piano (1917)

  1. Forficula auricularia
  2. Acridium migratorium
  3. Melonetha vulgaris
  4. Tipula oleracea
  5. Libellula depressa
  6. Anobium pertinax
  7. Musca domestica
  8. Julus terrestis
  9. Culex pipiens

Joonas Pohjonen (1973–): Hyönteiset / Insects (2019)

  1. Leppäkerttu / The Ladybird
  2. Mittarimato / The Inchworm
  3. Pillerinpyörittäjä / The Sacred Scarab
  4. Vesimittareita / Water Striders
  5. Kirppusirkus / Flea Circus
  6. Rukoilijasirkka / The Praying Mantis
  7. Päivänkorento / The Mayfly
  8. Suruvaippa / The Mourning Cloak
  9. Vaeltajamuurahaisten marssi / March of the Army Ants
  10. Kiiltomatoja / Fireflies
  11. Herhiläispesä / Hornet’s Nest

Medverkande

  • Siiri Ylijoki (klaver)

Omtale

På konserten vil 20 forskjellige insektartar bli presenterte ved hjelp av musikk, illustrasjonar og diskusjon om karakteristikkane deira og dei viktige rollene dei har i økosystemet vi alle lever i. Formålet med konserten er å bruke musikk som eit verktøy for å spreie kunnskap om naturens under og det pågåande tapet av artar. Eit anna viktig aspekt ved konserten er å kaste lys på verka til dei nordiske komponistane som blir spelt for anledninga.

Første halvdel av konserten består av Insektarium av den danske komponisten Rued Langgaard. Suita med ni fascinerande insektkarakterstykke er meir enn 100 år gammal, men var definitivt forut for si tid på mange måtar. Andre halvdel, som er ein noregspremiere, er Hyönteiset (Insekter) av den finske komponisten Joonas Pohjonen. Desse elleve korte stykka fangar kvar sin insektart og kjenneteikna deira, som for eksempel dei glidande vannløparane, den uføreseielege knelaren og hærmauranes marsj.

Siiri Ylijokis masterprosjekt utforskar repertoar med naturtema og verknaden dette repertoaret har på publikum. Prosjektet består av fleire konsertar inkludert kammermusikk, songar og soloklaver-musikk med eit spesielt fokus på fuglar og insekt.

Les meir

Fleire konsertar

Publisert: 16. jun. 2024 — Oppdatert: 3. okt. 2024