Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Med småkryp i flygelet

Siiri Ylijoki har tatt med seg naturen inn i masterprosjektet sitt. Musikken ho har valt handlar om insekt og fuglar.

Finske Siiri Ylijoki studerer master i akkompagnement og kammermusikk for klassiske pianistar. Å spele saman med songarar og andre solistar kallar ho «sitt vanlege liv», mens masterprosjektet er hennar eige – eit slags hjartebarn.

Viktige skapningar

Naturen har alltid vore ein viktig del av Siiri sitt liv. Ho vaks opp på ein gard i den lille byen Kuhmo på den finske landsbygda, ikkje så langt frå grensa til Russland.

– Det er midt inni skogen. Naturen er liksom ein del av alt du gjer der.

Ho trur at oppveksten har gjort at det var naturleg for ho å ta naturelement inn i musikken – samtidig som interessa for flora og fauna auka saman med bekymringane for tilstanden på jorda og artar som minkar drastisk eller forsvinn.

– Så eg tenkte: Kva kan eg gjere som musikar?

Insektarium

Insektarium er Siiri Ylijokis første masterkonsert, beståande av to suitar for soloklaver med insekt-tema.

Les meir om konserten

Siiri meiner at musikk er eit effektiv verktøy for å påverke, fordi han snakkar til kjenslene til folk.

Konserten ho speler 15. november har fått namnet «Insektarium». Der skal ho spele musikk med insekttema og vise bilete og informasjon om 20 ulike artar. Ho vil gjerne at publikum skal lære meir om dei gjennom konsertopplevinga.

– At folk skal anerkjenne kor mange artar det finst, sjølvsagt mange fleire enn 20, og kor stor påverknad dei har på verda. Dei er så viktige.

Frykta

Siiri er ikkje bekymra for dei negative kjenslene nokon har overfor insekt. Det å føle at noko er ekkelt eller vere redd for det er også legitime kjensler, påpeikar ho.

– Alle har jo møtt ein edderkopp heime. Når eg pratar med folk om det har alle ei eiga historie.

Stankelbein, teikna av Siiri Ylijoki.

Ho har erfart at frykta kan bli til noko meir positivt når ein snakkar saman om temaet. Kanskje fordi ein kjenner eit samband med naturen gjennom insekta.

Er du redd for insekt sjølv?

– Eg er ikkje komfortabel med alle insekt. Eg vil ikkje drepe dei, men ikkje kose med dei heller, svarar ho og ler.

Alle har jo møtt ein edderkopp heime. Når eg pratar med folk om det har alle ei eiga historie.

Siiri Ylijoki, om insekt

Å spele solokonsert er ei fin, men litt skummel erfaring, synest Siiri. Ho likar å bruke kreativiteten sin, og skal mellom anna presentere eigne illustrasjonar på konserten. Om prosessen seier ho:

– Eg har lært så mykje om meg sjølv og andre. Og om insekt.

Som konsertplakat har ho teikna eit opent flygel der det flyg ein augestikkar og ein sommarfugl. På flygellokket hengjer eit edderkoppspinn og på kanten balanserer ei marihøne.

Programmusikk

På konserten skal ho spele to suitar – «Hyönteiset» (Insekt) frå 2019, av den finske komponisten Joonas Pohjonen og «Insektarium» frå 1917 av danske Rued Langgaard.

Etter å ha skaffa notene til Pohjonen-stykket oppdaga ho at ho syntest det var heilt genial musikk, så ho skreiv til komponisten og fekk møte han.

– Eg kjøpte ein stor plastmaur til han i gave. Han blei veldig glad!

Sjølv om nesten 100 år skillar dei to verka, har begge eit svært moderne tonespråk, fortel Siiri. Ifølge ho høyrest Langgaards verk mykje nyare ut enn det er. Det har til og med enkle utvida speleteknikkar.

– Du hadde aldri gjetta at det blei skrive for så lenge sidan.

Ho fortel at stykka beskriv rørsla og karakteristikkane til dei ulike insekta. Det synest ho gjer musikken meir tilgjengeleg og lettare å forstå.

– Han er veldig ekspressiv. Det er verkeleg programmusikk.

Artikler relevante