Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

uRom – ein minifestival

-
Live Maria Roggen og Ingfrid Breie Nyhus på filtrert bilde og med knallblå klær. Ingfrid holder et forstørrelsesglass foran ansiktet.

Bli med inn i uRommet – kuratert av Live Maria Roggen og Ingfrid Breie Nyhus.

CF Wesenberg

Desse to dagane skal Levinsalen vere åstad for ei rekkje små og store konsertar, samtalar og føredrag frå formiddag til kveld – om det fruktbare rommet mellom ulike praksisar, om interpretasjon og improvisasjon, om romantikk, smak og uttrykk. Både studentar, tilsette og eksterne kunstnarar vil stå på programmet.

uRommet blir opent for alle, og NMHs eigne studentar og tilsette er spesielt oppfordra til å besøke og delta på festivalen.

Minifestivalen uRom markerer avslutninga på det eksternfinansierte kunstnarlege prosjektet uRomantisk, som Ingfrid Breie Nyhus og Live Maria Roggen har jobba med sidan hausten 2021. Skisser, lyd og video frå dette prosjektet vil bli tilgjengeleg som ei utstilling i tilknyting til rommet. Hovudinnhaldet i festivalen vil vere nye og varierte innslag med ulike bidragsytarar. Velkommen inn i uRommet!

Programmet blir publisert tidleg i haustsemesteret.

Publisert: 16. jun. 2024 — Oppdatert: 30. aug. 2024