Fagområde: Musikkterapi
Ingeborg Nebelung: Disputas
Ingeborg Nebelung disputerer for graden ph.d. med ei avhandling om forventningar til musikkterapi.
Om disputasen
Ingeborg Nebelung forsvarer i offentleg disputas avhandlinga med tittelen Om forventningar til musikkterapi med barn og unge i utsette livssituasjonar – ein eksplorativ instrumentell multippel casestudie.
Disputasen er i Levinsalen og startar kl. 12:00. Prøveforelesinga er same dag og stad kl 10:15. Sjå eige arrangement.
Disputasen er på norsk/skandinaviske språk.
Vurderingskomité
Komiteen som skal vurdere doktorgradsprøvene har følgjande medlemmer:
- Dr Stine Lindahl Jacobsen, Aalborg universitet
- Dr Marie Skånland, Ansgar høgskole
- Dr Hans Petter Paulen Solli, Noregs musikkhøgskole
Følg disputasen på nett
Dersom du ikkje har høve til å møte opp på Noregs musikkhøgskole denne dagen, vil det vere mogleg å følgje disputasen via direktesending på nett. Sendinga vil ikkje vere tilgjengeleg i opptak. Lenkje til sendinga blir publisert her om lag ei veke før arrangementet.
Merk! Vi oppmodar alle som har høve til det om å møte opp fysisk, då ei direktesending i dei fleste tilfelle ikkje vil vere eit fullgodt alternativ til å vere til stades i salen. Dette er i tillegg ein forholdsvis enkel videoproduksjon, noko som kan gjere lyd- og bildeattgivinga dårlegare.
Om avhandlinga
Avhandlinga inneheld tre artiklar og ei kappe. Den vil være opent tilgjengeleg i Nasjonalt vitenarkiv (nva.sikt.no) to veker før disputasen. Den første artikkelen er skriven på engelsk. Dei to siste artiklane og kappa er skriven på norsk.
Rettleiar har vore professor Karette Stensæth.
Ingeborg Nebelung: Prøveforelesing -
Som ein del av doktorgradsprøva foreles Ingeborg Nebelung over eit tema oppgitt av vurderingskomiteen.
Ingeborg Nebelung: PrøveforelesingPublisert: 15. juni 2026 — Oppdatert: 17. juni 2026