Fagområde: Musikkterapi
Ingeborg Nebelung: Forventningar til musikkterapi på barn- og ungefeltet
Kva forventningar og forståingar er det knytt til musikkterapi på barn- og unge-feltet?
Samandrag
Forventningar til musikkterapi med barn og unge i utsette livssituasjonar er eit komplekst og dynamisk fenomen som påverkar handlingar, haldningar og relasjonar. Denne studien
utforskar korleis slike forventningar blir forma, forhandla og forstått, med eit mål om å bidra til meir balanserte og realistiske forventningar til musikkterapi i arbeid med barn og unge i utsette livssituasjonar. Studien er forankra i eit kvalitativt, eksplorativt forskingsdesign, og er ein multippel, instrumentell casestudie inspirert av institusjonell etnografi.
Gjennom tre casar er 20 menneske intervjua, og avhandlinga undersøker forventningar frå tre perspektiv: (1) to leiarar i barnevernet (2) 14 musikkterapeutar og ein dramaterapeut, og (3) tre ungdommar som har deltatt i musikkterapi.
Problemstilling
Studien tek utgangspunkt i hovudproblemstillinga:
- Kva forventningar er det knytt til musikkterapi med barn og unge i utsette livssituasjonar?
Gjennom tre artiklar blir det òg gått nærare inn på følgande forskingsspørsmål:
- Kva kjenneteiknar humanistisk musikkterapi, og korleis kan denne tilnærminga samsvare med visjonane og ideane til to barnevernsleiarar?
- Korleis skildrar musikkterapeutar forventningar dei møter i sitt arbeid med barn og unge i utsette livssituasjonar?
- Korleis opplever og forhandlar ungdommar sjølve sine forventningar til musikkterapi?
Funn
Funn frå studien viser at forventningane til musikkterapi ofte sprikar og kan vere både positive, negative, realistiske og urealistiske. Barnevernsleiarane uttrykker visjonære, men til dels uklare forventningar, basert på ei tru på musikkens universelle verdi. Musikkterapeutane fortel at dei må navigere i eit landskap av sprikande forventningar; dei urealistiske høge forventningane til musikkterapi, men òg skepsis og motstand frå både foreldre, samarbeidspartnarar og ungdommane sjølve. Ungdommane peikar på korleis prestasjonsangst og forvirring rundt omgrepet «musikkterapi» kan skape hindringar for deltaking i musikkterapi, men òg korleis positive erfaringar frå jamaldringar og mentorordningar kan bidra til å bygge tillit, tryggleik og realistiske forventningar.
Gjennom drøfting av musikken si rolle i musikkterapien, forventningsforhandlingar og posthumanistiske perspektiv, løfter avhandlinga fram korleis forventningar ikkje berre handlar om individet, men òg om relasjonar, system og omgivnadar. Studien understrekar at forventningar ikkje er statiske, men smittar mellom aktørar og nivå, noko som både kan vere ein ressurs og ei utfordring for musikkterapien.
Bidrag
Studien bidrar til forsking på musikkterapi ved å identifisere behovet for systematisk arbeid med forventningsavklaring, særleg ved inngangen og i oppstartfasen av musikkterapi. Studien utfordrar òg tradisjonelle humanistiske individfokuserte tilnærmingar ved å integrere posthumanistiske perspektiv som ser musikkterapi som ein del av eit større økosystem av relasjonar og strukturar. Auka kunnskap om forventningar kan styrke musikkterapien ved å legge til rette for tryggare deltaking, redusere hindringar som prestasjonsangst og skepsis, og fremme meir målretta terapeutiske prosessar. Dette kan òg bidra til betre og tettare samarbeid mellom aktørar. Samtidig kan eit systematisk fokus på forventningsavklaringar gjere musikkterapien sin plass på dette feltet tydelegare og gi han større legitimitet som ein relevant del av arbeidet med barn og unge i utsette livssituasjonar.
Artikler relevante
Publisert: 7. sep. 2017 — Oppdatert: 12. okt. 2025