Fagområde: Musikkterapi
Prøveforelesing - Ingeborg Nebelung
Som ein del av doktorgradsprøva foreles Ingeborg Nebelung over eit tema oppgitt av vurderingskomiteen.
Om prøveforelesinga
Tema for prøveforelesinga:
Nærleik og distanse i kvalitativ forsking: Metodiske og etiske utfordringar ved å forske på eige fagfelt og eigne profesjonsutøvarar.
Vurderingskomité
Komiteen som skal vurdere doktorgradsprøvene har følgjande medlemmer:
- Dr Stine Lindahl Jacobsen, Aalborg universitet
- Dr Marie Skånland, Ansgar høgskole
- Dr Hans Petter Paulen Solli, Noregs musikkhøgskole
Følg disputasen på nett
Dersom du ikkje har høve til å møte opp på Noregs musikkhøgskole denne dagen, vil det vere mogleg å følgje disputasen via direktesending på nett. Sendinga vil ikkje vere tilgjengeleg i opptak.
Merk! Vi oppmodar alle som har høve til det om å møte opp fysisk, då ei direktesending i dei fleste tilfelle ikkje vil vere eit fullgodt alternativ til å vere til stades i salen. Dette er i tillegg ein forholdsvis enkel videoproduksjon, noko som kan gjere lyd- og bildeattgivinga dårlegare.
Disputas - Ingeborg Nebelung -
Ingeborg Nebelung disputerer for graden ph.d. med ei avhandling om forventningar til musikkterapi.
Disputas - Ingeborg NebelungPublisert: 15. juni 2026 — Oppdatert: 19. aug. 2026