Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått 2026

-

I år blir den studentdrivne folkemusikkfestivalen Ljøsblått arrangert på Riksscena i Oslo og på NMH den 28. og 29. november

Festivalen er leia av folkemusikkstudentar frå Noregs musikkhøgskole og har blitt eit årleg arrangement for nye og gamle folkemusikkinteresserte.

Med låg snittalder på scena og ein høg andel studentar er du som publikummar garantert å oppdage ny og spennande musikk. Samstundes vil nokre veletablerte artistar også dukke opp.

Det blir konsertar, jam, dans og fest – så hald av kveldane, og finn fram danseskoa og instrument!

Spele på Ljøsblått?

Kven som helst kan spela på Ljøsblått, også musikarar som ikkje er NMH-studentar. Det einaste kravet er at folkemusikk (frå kva som helst del av verda) er ein vesentleg del av uttrykket.

Søk om å spele (Google forms)

Publisert: 4. juli 2026 — Oppdatert: 9. sep. 2026