Vi er søstrene Marte og Frida Haltli frå Svartskog i Nordre Follo. Vi har spelt saman heile livet, men særleg dei siste tre åra har vi vore rundt, litt her og der på speleoppdrag. Saman har vi lært oss mykje forskjellig folkemusikk, frå fleire ulike tradisjonar, for det meste frå Noreg. Vi speler fleire typar feler og synest det er særleg spennande å blande femstrengs-bratsj og hardingfele, og på denne måten få fram ei unik blanding av lyse og mørke klangar i dei veldig ulike instrumenta.
Ljøsblått: Frida & Marte Haltli
Søstrene Marte og Frida Haltli frå Svartskog i Nordre Follo er første band ut på Riksscena.
Sjå heile festivalprogrammet
Publisert: 20. nov. 2026 — Oppdatert: 21. nov. 2026