Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått: Aowafy Orchestra

Aowafy Orchestra blandar alt godt her i livet og gjer det betre. Øst-Afrikansk afrobeat, med ei klype jazz, soul og funk kjem saman til eit rytmebonanza av dimensjonar.

Kristoffer Dyblie Erdal

Basert i Oslo med medlemmer frå Sudan, Mexico, Frankrike, New Zealand, Sverige og Noreg kan oktetten dra inspirasjon frå så mangt. Dei har hatt ei bratt kurve sidan debuten i 2022. Da opptredde dei under Øyanatt og spelte som backingbandet til reggae-legenden Eek-A-Mouse i Oslo seinare på hausten. Seinare har dei vore å sjå på festivalar som Audunbakken, VillVillVest og Dragefjellet Minifestival. Bandet har også knytt eit godt forhold til Noregs fredsmiljø, der dei mellom anna blei inviterte til å opptre på PRIOs (Peace Research Institute of Oslo) årlege fredstale i 2024. Sudansk aftan i solidaritet er eit av Aowafys eigne initiativ, som blei arrangert i samråd med Kulturhuset i Oslo, Leger utan grenser og Sudansk foreining i Noreg. I sommar slapp dei debutplata si, «Al Komba» som kan du kan høyre på Spotify.

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 20. nov. 2026 — Oppdatert: 21. nov. 2026