Trioen består av Eirin Berdal, Christina Lilja Wallumrød og Eirinn Helene Rugaas Flatland. Vi utforskar vokalharmoniar med synth-element og skaper eit musikalsk uttrykk i møtet mellom tradisjon og samtid. Repertoaret vårt består av eigenskrivne tekstar, gamle viser og stev, religiøse folketonar, lokkar og bånsullar. Materialet er henta frå ulike delar av Noreg, og vi liker å eksprimentere med å blande med andre sjangrar som jazz og pop. Mare byr på ei heilt unik konsertoppleving med spennande harmoniar, improvisering, folkemusikk frå landet rundt og tekstar som tar for seg temaer som klima, feminisme, makt og religion.
Ljøsblått: Mare
Vi er Mare, ein folkemusikkbasert-trio frå Kristiansand.
Sjå heile festivalprogrammet
Publisert: 20. nov. 2026 — Oppdatert: 21. nov. 2026