Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått: Smyle

Bandet Smyle tar lyttarane med på ei musikalsk reise som bygger bru mellom det tradisjonelle og det moderne.

Med djupe røter i folkemusikken og eit friskt, energisk uttrykk, inviterer bandet publikum inn i eit organisk og levande lydbilde. Bandet består av fire jazzarar og ein folkemusikar, noko som skaper eit unikt musikalsk møtepunkt. Med ei besetning av trommer, fele, vokal, kontrabass og el-gitar, hentar gruppa inspirasjon fra dei fengande og rytmiske trekka i folkemusikken. Resultatet er eit dynamisk lydbilde som til tider også drar over i eit ganske rocka sound. Gjennom tette arrangement og speleglede beviser dette ferske bandet at folkemusikk i aller høgaste grad er pulserande, aktuelt og fullt av liv. Med sin smittande energi på scenen er målet krystallklart: Smyle får deg til å smile!

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 20. nov. 2026 — Oppdatert: 21. nov. 2026