Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått: Suigard

Sunniva Langås-Røiland frå Bø og Vegard Hosarøygard frå Lom er studentar ved Noregs musikkhøgskole, der dei møttest hausten 2024.

Kristoffer Dyblie Erdal

I løpet av sine to år som duo, har dei opptredd på norske festivalar, som Telemarkfestivalen og Dølajazz, vore på turné på Helgeland og i Belgia, varma opp for Malin Pettersen på Rockefeller og spelt mange konsertar i store salar og små stover. Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – slik som instrument-samansettinga. Dei baserer musikken hovudsakleg på norsk folkemusikk, men er også inspirerte av keltisk og amerikansk folkemusikk. I tillegg er det impulsar frå annan musikk dei likar, som rock, jazz og blues. Suigard ønskjer å gi ei musikalsk oppleving i ny tradisjon – som får det til å rykkje i dansefoten.

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 20. nov. 2026 — Oppdatert: 21. nov. 2026