I dei senare åra har det vore store endringar i kunstmusikkfeltet. Impulsar frå ulike sjangrar, frå andre kunstartar og frå nyare teknologi har bidratt til å utfordre og berike kunstmusikkfeltet. Ikkje minst har visuelle og teartale element vore med på å utvide forståinga vår for kva samtidskomposisjon kan vere. Og vilja til å kommunisere musikken ut til eit større publikum er blitt betydeleg sterkare.
Kva er så samtidsmusikk? Her finst vel fleire svar, og det er nettopp det vi håper å belyse gjennom kammermusikkveka i år. Gjennom ei rekke ulike verk frå vår eiga tid, og nære fortid, skal vi leve oss inn i ulike stiluttrykk og hente inspirasjon. Det har vore flott å sjå korleis studentanes Coffee Schmoffee-komité med Antonia Nestaas i spissen har laga eit vidtfamnande program. Vår rektor Astrid Kvalbein har alltid ivra for å synleggjere samtidsmusikken på Musikkhøgskolen. På måndagen kl. 15:00 leiar ho panledebatt i Levinsalen. Spørsmålet har rektor sjølv formulert: «Kvifor spele samtidsmusikk?» Møt opp, så får du svar!