Fagområde: Musikkterapi/Musikk og helse
Oda Dypvik Bjørke: Affektreguleringsprosessar i musikkterapi
Ein kvalitativ studie blant pasientar med psykoselidingar.
Samandrag
Musikkterapi er anerkjend som ein kunnskapsbasert praksis i behandling av personar med psykoselidingar. Dette gjeld særleg i behandlinga av negative symptom, herunder eins evne til affektregulering. På trass av eit solid kunnskapsgrunnlag manglar det forsking som tek føre seg beskrivingar av kva affektreguleringsprosessar i musikkterapi består av.
Overordna problemstilling for studien:
Korleis kan musikkterapi bidra til affektreguleringsprosessar hjå pasientar med psykoseliding?
Problemstillinga blir konkretisert i følgjande spørsmål:
- kva karakteriserer affektreguleringsprosessar i musikkterapien?
- kva kan ei tverrfagleg fokusgruppe frå eit FACT-team bidra med kring kunnskap om affektreguleringsprosessar i musikkterapien?
- korleis beskriv pasientane sjølve endring i affektive tilstandar i musikkterapien?
Prosjektet er fundert i kvalitativ metode og vil undersøke korleis musikkterapi bidreg til affektreguleringsprosessar blant pasientar med psykoselidingar gjennom ulike datasett:
med utgangspunkt i analyse av video- og lydmateriale frå musikkterapisesjonar , ein tverrfagleg fokusgruppe sine observasjonar av eit utval frå same video- og lydmateriale og med intervju frå pasientar om deira opplevingar av affektreguleringsprosessar i musikkterapi.
Datamaterialet vil bli samla frå eit fleksibelt aktivt oppsøkande behandlingsteam (FACT). Prosjektet vil bidra med ny kunnskap om affektreguleringsprosessar og musikkterapi, og det vil bidra med forsking på psykisk helse- og rusfeltet.
***
Oda Dypvik Bjørke er teken opp på ph.d.-programmet i musikkforsking og ansatt som stipendiat frå 1. september 2025.
Publisert: 9. juni 2025 — Oppdatert: 25. aug. 2025