Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Virvelrommet

Et stort åpent rom med en utstilling som består av skjermer og instrumenter. Det er flere folk i rommet som ser på utstillingen, eller sitter på stoler og puffer plassert i rommet.

Ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid. Eit fleksibelt rom der tilsette og studentar kan dele sine prosjekt.

Virvelrommet / The Vortex Space er eit ope rom, heile dagen. Både tilsette, studentar og publikum/gjestar er velkomne inn - og kan bli verande i heile opningstida.

Her blir det speling og deling av musikk frå heile spekteret av stilar og sjangrar vi utøver og skapar på NMH. Dei tilsette og studentane kan booke seg inn med presentasjonar i mange ulike format, og me kuraterer gruppesamtalar som knyter desse presentasjonane saman. Det kan òg vere debattar om tema knytt til kunst. Ein kan setje seg ned og lytte, eller ta del i slike samtaler.

Speling og deling av musikk frå heile spekteret av stilar og sjangrar vi utøver og skapar på NMH.

Om Virvelrommet
Mann med en kaffekopp står foran en utstilling av en skjerm.

I mellom det som står i programmet vil det vere stillheit, der ein kan gå rundt og oppleve videoinstallasjonar, lyttestasjonar, tekster og bøker som ulike NMH-folk har plassert rundt i Virvelrommet. I tillegg til dei fysiske Virvelromma blir material frå nokre av presentasjonane delt på heimesida til Virvelrom.

Mål med Virvelrommet er: Samarbeid og dialog på tvers av fagmiljø, studentengasjement, inkludering, kunnskapsutveksling, og deling av dei tilsette sitt forskings- og kunstnarlege utforskingsarbeid.

Virvelrommet #1

Økonom PierLuigi Sacco besøkte Virvelrommet NMH 5. september, fredagen før stortingsvalet, til open salongsamtale. Forstår politikarane våre betydninga av kunsten for menneska, for samfunnet? Forstår me det sjølv? Krig og kriser, naturtap og polarisering – er det rett å rusta opp eller byggja ned kulturlivet i slike tider?

Sacco har i heile yrkeskarrieren sin drive med spørsmålet «Kvifor er kunsten viktig for menneska?» gjennom å forska på kulturøkonomi og samfunnsutvikling, og delta i internasjonale samarbeid.

Publisert: 3. okt. 2025 — Oppdatert: 18. nov. 2025