Magnhild Garnås Haugen er ein folkesongar frå Hjartdal i Telemark, busett i Oslo. Med sterke folkemusikk-røter i Aust-telemark har ho sidan barndommen lært å kveda av mor og bestemor, Ingvill Marit og Agnes Buen Garnås. Ho har trass ung alder utmerkt seg på kappleiksscena, og rykte opp i A-klassa ved landskappleiken i Eidfjord i 2025. I familien har ho au mange spelemenn, og har slik tileigna seg eit særeigent og breitt slåtterepertoar, gjennom engasjert arbeid med omsetjing av slåttar frå m.a. hardingfele og munnharpe til vokal. Ho har på kort tid blive ei mykje bruka «spelkvinne», og vann i 2025 pris for beste dansespel på Vinterkappleiken. Ho har elles eit breitt repertoar som spenner frå lange, dramatiske balladar og viser, til kortare stev og stubbar knytt til kvardagsliv og seterdrift. Med rik kunnskap om tradisjonen, tek ho med publikum inn i historiske slag og tragiske kjærleiksviser, eller opp på setervollen, og på Ljøsblått skal ho dra dykk med ut på dansegolvet!
Ljøsblått: Magnhild Garnås Haugen
Magnhild Garnås Haugen speler opp til dans på Ljøsblått 2025.
Søke NMH?
Sjå heile festivalprogrammet
Publisert: 7. nov. 2025 — Oppdatert: 26. nov. 2025