Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Love Songs for Afghanistan

Grafisk profil for Love Songs for Afghanistan, med to profilsilhuetter, grønn og rød, som ser mot hverandre.

Love songs for Afghanistan – ein kveld med songar om kjærleik i solidaritet med musikarar, musikkpedagogar og musikkelevar i Afghanistan, og Afghanistan National Institute of Music.

ANIM and Mortaza Rezaiy

Norges musikkhøgskole inviterer til ein kveld med songar om kjærleik i solidaritet med musikarar, musikkpedagogar og musikkelevar i Afghanistan. Slik ønskjer studentar og tilsette å stå opp for kunstnarleg fridom og fred.

Opp gjennom historia har menneska uttrykt håp og heva stemma mot politisk omvelting, konfliktar og undertrykking gjennom musikk og kunst. Derfor kan kunstnarar vere spesielt utsette for vald og brot på menneskerettar. Det er alt kome rapportar frå Afghanistan om musikarar som brenn instrumenta sine – ikkje i frykt for levebrødet, men for livet.

Strøyming

Du kan strøyme konserten live her.

Donasjonar

SEMPRE (The Society for Education, Music and Psychology Research) tar imot donasjonar på vegne av the Afghanistan National Institute of Music (ANIM). Alle bidrag går direkte til arbeidet for musikarane sin sikkerheit og velferd i dagens Afghanistan. Meir informasjon kjem i konsertprogrammet og på konserten.

Les meir om SEMPRE her.

Ønsker du å donere allereie no eller etter konserten? Det kan du gjere her.

– Musikkutdanning er heilt grunnleggjande for å byggje opp eit kringsherja land, og for å bidra til eit rettferdig og sivilisert samfunn.

Dr. Ahmad Naser Sarmast Grunnleggjar og direktør, Afghanistan National Institute of Music
Portrett av Dr. Ahmad Sarmast

ANIM

Vi vil gi særleg merksemd til Afghanistan National Institute of Music (ANIM). Musikkskolen er den einaste i landet og blei etablert i 2010 av Dr. Ahmad Naser Sarmast. ANIM er dedikert til å sikre afghanske barn retten til musikk, til å fremje musikalsk mangfald i landet, og byggje ned kulturelle, etniske, religiøse og kjønnsbaserte barrierar. ANIM er kjent for orkesteret Zohra (oppkalt etter den persiske gudinna for musikk), etablert i 2014 som eit orkester berre for jenter og kvinner i alderen 13 til 20 år. Zohra er blitt eit symbol for ei utvikling mot større fridom for jenter. Gjennom musikkopplæring får afghanske barn og unge sjansen til å utvikle kulturell identitet, sosial tilhørsle, meistring og oppleving av menneskeverd, i eit land der unge menneske ikkje kan ta dette for gitt.

Vi er urolege over vilkåra for ANIM sitt viktige arbeid under dei noverande forholda i Afghanistan. Etter initiativ frå the Queensland Conservatorium, Griffith University Australia og saman med fleire institusjonar ute i verda, vil Norges musikkhøgskole vise støtte til afghanske musikarar og til den viktige musikkpedagogiske institusjonen ANIM. Gjennom å bringe saman studentar, lærarar og eksterne gjester, sender vi Afghanistan ein bodskap om fred, medkjensle, mot og framfor alt – kjærleik.

Omtale

Kontaktperson og initiativtakar

Publisert: 27. sep. 2021 — Oppdatert: 14. okt. 2021