Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Jadran Duncumb: Meisterklassekonsert

Luttspelar Jadran Duncumb kjem tilbake til NMH og gir ein todagars meisterklass med tolking av barokk- og luttrepertoar.

Pedersen

På denne konserter speler gitarstudentane på NMH ein felles konsert saman med Duncumb, med musikk frå både renessanse, barokk og samtida.

Jadran Duncumb

Jadran Duncumb er ein av dei mest aktive sololuttistane i dag, og har bygd seg opp eit særleg godt rykte på barokklutt. Weiss & Hasse – Lute Sonatas (Audax Records, 2018) blei skildra som ein «monumental prestasjon» av Joe Harris frå Lute Society of America, som anbefalte CD-en sterkt til «alle som ønsker å få eit glimt av kva høgdepunktet av barokkluttspel kan ha høyrt ut som på 1700-talet … kanskje til og med den store meisteren Sylvius Leopold Weiss sjølv.» J. S. Bach – Works for Lute (Audax Records, 2021) blei heidra med den prestisjetunge Diapason D'Or i mai 2021. Det andre og siste volumet av Bach sine luttverk kjem ut i 2024.

Han er også etterspurd på andre historiske luttar og gitarar. Nylege større prosjekt har inkludert innspelinga av noko av det største engelske renessanse-luttrepertoaret i Dowland sin Lachrimae for Challenge Classics med Accademia Strumentale Italiana – og hyppige konsertar på romantisk gitar saman med sopran Giulia Semenzato. Sidan 2023 har han vore kunstnarisk leiar for Barokkanerne – Norsk barokkensemble.

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2024 — Oppdatert: 4. sep. 2024