Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Minnekonsert for Busoni

Portrett av Ferruccio Busoni.

Med to jubilerande nestorar på klaver.

Mania Gwarek

Både Einar Steen-Nøkleberg og Geir Henning Braaten fyller 80 år i år. Dei har begge lang fartstid ved NMH som klaverlærarar, og parallelle internasjonale karrierar som konsertpianistar. Fartstida som musikarkollegaer strekker seg enda lenger tilbake i tid da dei hadde same lærar i tenåra, Nikolai Dirdal. Her akkompagnerte dei kvarandre i klaverkonsertar på elevaftnar. No skal dei dele scene igjen, og ta for seg Busonis svært krevjande klavermusikk for to klaver.

Program

Ferruccio Busoni (1866–1924)

  • Improvisation über Bachs Choral "Wie wohl ist mir, o Freund der Seele" Kind.V: 217
  • Fantasie für eine Orgelwalze f-moll, KV 608, Kind.V: B91
  • Duettino Concertante F-dur, KV 459, Kind.V: B88
  • Fantasia Contrappuntistica, Kind.V: 256b
  • Choral-Variationen

Omtale

Det var Busonis eige ønske å bruke desse fire stykka som eit konsertprogram (Forord til Fantasie für eine Orgelwalze, publisert i juni 1922).
I opningsnummeret «Improvisation über ein Bachsches Chorallied» (An den Herrn Marquis Silvio della Valle di Casanova auf San Remigio) skriv Busoni at han ønskte å bruke idear frå tredjesats i den andre fiolinsonaten sin, som er variasjonar over «Wie wohl ist mir, o Freund der Seele», BWV 517. Verket for to klaver er likevel svært forskjellig frå sonatesatsen.

«Ein Orgel Stück für eine Uhr» (KV 608) var tittelen Mozart gav dette stykket, datert 3. mars 1791 i Wien. Stykket blei først gitt ut for firhendig klaver i 1799. I omarbeidinga for to klaver ønsker Busoni å bruke det som eit preludium til det neste stykket – og som éin sats.

Duettino Concertante er ein spesielt virtuos versjon av finalen i Mozarts F-durkonsert, KV 459, der pianistanes 20 fingrar har nok å gjere. Stykket er kanskje det mest spelte av Busonis verk for to klaver.

Fantasia Contrappuntistica er Busonis mest betydelege klaververk. Det eksisterer tre versjonar: Edizione definitiva, Edizione minore og versjon for to klaver. Alle tre er svært forskjellige, men kjernen i verket er ei vidareføring av den ufullenda fugen i Bachs «Die Kunst der Fuge», BWV 1080. Eit anna sentralt motiv er hans eigen koral «Gloria al signore nei Cieli». Kompleksiteten og oppbygninga til dette verket har inspirert både musikologar og komponistar. Mest kjent er Kaikohsru Sorabjis verk «Opus Clavicembalisticum» som varar i overkant av fire timar. Vi kan roe publikum med at vi er i mål på rundt 30 minutt.

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2024 — Oppdatert: 2. aug. 2024