Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikkhøgskolens storband

Storbandet spiller på Nasjonal jazzscene.

Musikkhøgskolens storband speler sin årlege haustkonsert – denne gongen med ein internasjonal overraskingsgjest.

Magnus Skrede / NMH

Den første jazzutdanninga på høgskolenivå i verda starta, av alle stadar, i Frankfurt i 1928, men den første staden ein kunne få ein grad var på North Texas University i 1947. På NMH opna ein etter kvart opp for å gi musikarar med rock-pop-jazz-instrument tolbod om pedagogisk utdanning litt utpå 1980- talet, men derfrå til opprettinga av eit eige studium gjekk det ytterlegare 20 år.

Musikkhøgskolens storband speler jazz i stort format. Storbandet er eit tilbod til alle studentar som ønske å utvikle seg innanfor rytmisk musikk for store ensemble. Storbandet er eit forum for å teste ut komposisjonar for store jazzensemble i ei uformell ramme. I kveldens utgåve av NMHs storband finst sprelske arrangement frå jazzkomponistmiljøet, under leiing av Helge Sunde.

Vi har for anledninga med ein hemmeleg gjest: Ein solist av internasjonalt kaliber.

Fleire konsertar

Publisert: 16. jun. 2024 — Oppdatert: 7. sep. 2024