Satie er mest kjend for setta med gymnopédies og gnossiennes, men vi presenterer også repertoar med eit breitt spekter personlegdomar. Du får høyre poesi, protest, og sist, men ikkje minst, humoren han også har blitt berømt for.
Ode til Satie
I år er det 100 år sidan Erik Satie gjekk bort. Klaverstudentar på NMH feirar livet og musikken hans med framføring av eit utval frå hans store repertoar for solo og duo pianomusikk.
Program
Erik Satie (1866–1925)
- Trois Gymnopédies
- Embryons desséchés
- Sarabandes
- Sports et divertissements
- Intermission
- Gnossiennes
- Ogives
- Nocturnes
- Trois morceaux en forme de poire
Medverkande
- Mirei Aoto, Herman Bakke Karlsen, Barbora Cejpová, Damiën Heemskerk, Riwoo Kim, Jakob Mo, Hedda Nordhagen, Gustavo Reis (klaver)
Fleire konsertar
Publisert: 17. juni 2025 — Oppdatert: 28. okt. 2025