Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

So be it – masterkonsert

Afrikansk savanne med tørre trær og brun-orange farger

Kontrabassist Sverker Rundqvist og slagverkar Åsmund Moen inviterer til masterkonsert.

Sverker Rundqvist

Program

Med utgangspunkt i stykket «So Sei Es» av den russiske komponisten Sofija Gubajdulina, inviterer vi til ei stund til ettertanke i novembermørket. Tittelen blir omsett til So be it på engelsk – ord som på nokre språk og i nokre samanhengar brukast i staden for «amen». Stykket blei skrive i 2013, til minne om kollegaen og venen til Gubajdulina, Viktor Suslin.

På konserten spelast også stykket «On the G», skrive av bassist og tidlegare NMH-student Rodrigo Mata, og Åsmund Moen speler eigenkomponert musikk.

Varmt velkommen!

Medverkande

  • Sverker Rundqvist (kontrabass)
  • Åsmund Moen (slagverk)
  • Ragna Rian (fiolin)
  • Torbjørn Eftestøhl (klaver)

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 19. okt. 2021