Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Stemmeleik

Vokalkvartetten Munnleg inviterer til konsert.

Velkomen til ein kveld i Levinsalen med firstemt, vokal klang i høgsetet. Vokalkvartetten Munnleg med gjestar vil framføre arrangement som kombinerer folkemusikk frå ulike stader i verda, rytmisk og improvisert musikk med element frå ulike sjangrar, på ulike måtar.

Ved å syne fram eit breitt repertoar av musikk vil kvartetten vise kor mykje ein kan få til på tvers av sjangrar ved å bruke stemma – kva klangar, driv, varierte lydbilde, rytmar og instrumentale lydar ein kan skape, og kva breidde som finst på NMH, der musikarar kan møtast og lage musikk uavhengig av bakgrunn og stil. Repertoaret vil vere henta frå folkemusikk, folkrock, jazz, pop, soul, samtidsmusikk med meir, også til dels i eigne arrangement. Kvartetten vil ha med seg instrumentalmusikarar på nokre av låtene og imellom låtene – der det også er stor variasjon kva gjeld musikkbakgrunn, stil og sjanger. Formidling av musikkglede og leik vil stå i sentrum under heile konserten.

Medverkande

  • Julie Martine Vestrheim, Mattias Vidme Crantz (rytmisk, improvisert song)
  • Irena Marcetic (klassisk song)
  • Runa Kvalsund (folkesong)

+ gjestar

Flere konserter

Publisert: 18. des. 2023 — Oppdatert: 25. des. 2023