- Solist: Ingeborg Utheim Iversen (TUP)
- Solistar: TUP slagverksensemble
- RØST
- Anna Hartmann (dirigent)
Omtale
Talentutviklingsprogrammet på NMH (TUP)
TUP rettar seg mot ungdom mellom 13 til 19 år som held eit høgt nivå på hovudinstrumentet sitt. Musikkhøgskolen sitt talentutviklingstilbod er ein del av eit nasjonalt talentutviklingsprogram, der kvar institusjon dekker det geografiske området sitt.
Les meir om programmet og søknadsprosessen.
RØST
Regionkorpset er eit tilbod til deg som speler i skolekorps og som ønsker ekstra utfordringar. Korpset ønsker å motivere til vidare musikalsk og personleg utvikling, og forberede musikantane på eit engasjert og livslangt engasjement for korpsrørsla. RØST jobbar i eit toårs-perspektiv, med suppleringsopptak etter første året.
Les meir på sidene til RØST (korps.no).
Anna Hartmann
Dirigent Anna Hartmann er utdanna ved Universitetet i Stavanger og Royal Northern College i Manchester, og jobbar med både amatørar og profesjonelle ensemble og orkester. Frå 2021 til 2023 var ho assistentdirigent i Arktisk filharmoni, som den første i denne stillinga. Sidan har ho dirigert fleire profesjonelle orkester i inn- og utland, mellom anna Stavanger symfoniorkester, Odense symfoniorkester og Jönköping sinfonietta. Til dagleg er Anna fast dirigent for Stabekk janitsjarorkester.