Tilføying mai 2024: I tida etter at dette høyringssvaret vart publisert har same diskusjon blitt aktuell i fleire fylke i Noreg. Sjå debattinnlegg og presseklipp frå båe Trøndelag og andre delar av landet lenger ned i saka.
Ikkje legg ned dei vidaregåande MDD-linene
Den største høgare musikkutdanningsinstitusjonen i landet vil åtvare på det sterkaste mot ei desimering av linjene for musikk, dans og drama (MDD-linene).
Noregs musikkhøgskole (NMH) nyttar høvet til å sende høyringssvar om dei vidaregåande skulane i Trøndelag.
MDD-linjene er mellom anna til for å setje unge menneske i stand til å søkje høgare musikkutdanning, og slik sikre god rekruttering:
- Tala frå opptaket til NMH i år viser at 83 prosent av søkarane på bachelor hadde gått ei MDD-linje.
- Av dei som vart godkjend til slutt for å studere på NMH, er det så mange som 89 prosent med MDD-linja i ryggen. I desse tala har NMH berre søkarar frå Noreg.
- Musikkteori- og gehør-lærarane på NMH fortel at studentar utan MDD slit meir med å kome i gang med bachelorstudia.
Kor, korps, kulturskule - og vidaregåande
Saman med korps- og korrørslene og dei kommunale kulturskulane er MDD-linjene grunnlaget for at innbyggarane kan halde fram med å utøve og lage musikk i alle slags sjangrar. Musikkelevane kan bli musikkstudentar og etter kvart lærarar, terapeutar, forskarar og kulturarbeidarar av alle slag, som i sin tur syt for at nye generasjonar lærer å syngje, spele, lage musikk og dele opplevingar knytt til musikk.
Å ta vare på, formidle og vidareutvikle drama-, dans- og musikkultur til stadig nye generasjonar er ei viktig oppgåve, også med tanke på dei som vel andre yrkesvegar etter vidaregåande, men tar med seg utøvande og kreative ressursar ut i livet.
Desse samanhengane kan ikkje NMH sjå at det er gjort ei tilstrekkeleg greie for i “Helhetlig tilbudsstruktur og skolebruksplan i Trøndelag”.
Ved NMH er vi urolege for at sparetiltaka fører til at fleire MDD-linjer i landet blir lagt ned. I tilfelle vil vi raskt merkje svakare rekruttering
rektor
Alvorlege konsekvensar
Som fagrørsla Creo peikar på, viser høyringsnotatet til sentrale dokument som fylkeskommunens skuletilbodsplanlegging meiner dei er tråd med. Desse primære dokumenta, Trøndelagsplanen, økonomiplanen, verdiskapingsplanen, kompetansestrategien, mål og prinsipp for tilbodsplanlegginga har målsetjingar som er direkte i strid med sparetiltaka fylket foreslår.
NMH spør om fylkeskommunen har gjort ei god nok utgreiing av konsekvensane av kutta i MDD-linjene.
Musikklinene er ei investering i trivsel og gjennomføring på vidaregåande nivå, i tillegg til at dei er ei god førebuing til høgare musikkutdanning. Ved NMH er vi urolege for at sparetiltaka frå Trøndelag fylkeskommune fører til at fleire MDD-linjer i landet blir lagt ned. I tilfelle vil vi raskt merkje svakare rekruttering – både kvalitativt og kvantitativt – til høgare utdanning, til amatørkulturlivet og det profesjonelle musikklivet, som i sin tur bidrar til helse og trivsel og store kunstopplevingar for alle.
Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole
Levert som høyringssvar til Trøndelag fylkeskommune 20.10.2023