Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Mozart Omakase

Fridom og kjensler – servert à la Mozart.

Mozart var i si tid kjent for improvisasjonskunst, noko som set eit stort preg på komposisjonane hans. Innanfor den tydelege strukturen, høyrer ein uttrykk av fridom, barnlegdom og eit vidt spekter av kjensler, som lever lenge forbi tida hans og fram til vår eiga.

Denne konserten utforskar det improvisatoriske preget i Mozart sin klavermusikk, og inviterer publikum inn i eit ornamentert rom der planlagt intensjon og spontanitet eksisterer side om side. Programmet er som ein omakase-meny, med nøye utvalde rettar som leiar kvart verk naturleg til det neste.

Program

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791)

  • Rondo i D-dur, K. 485
  • Rondo I D-dur for klaver og orkester, K. 382
  • Fantasi i c-moll, K. 475
  • Klaversonate nr. 14 i c-moll, K. 457
  • 12 variasjonar av «Ah, vous dirai-je Maman», K. 265
  • Klaverkonsert nr. 27 i B-dur, K. 595: 2. og 3. sats

Medverkande

  • Ri Woo Kim
  • Mirei Aoto
  • Arthur di Francesco

Fleire konsertar

Publisert: 4. juli 2026 — Oppdatert: 24. sep. 2026