Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Haustkonsert med CORUS saksofonkvartett

-
Corus saksofonkvartett står foran grønne busker.

CORUS saksofonkvartett speler Morthenson, Berg og Dankner.

Program

  • Jan Morthenson (1940–2024): Corale (1987)
  • Olav Berg (1949–): Kvintett (2016)
  • Stephen Dankner (1944–): Quartet (2014)

Medvirkende

CORUS saksofonkvartett

  • Petter Voilås (sopran-saksofon)
  • Andreas Helgeland (alt-saksofon)
  • Jonas Eskeland (tenor-saksofon)
  • Magnus von Brandis (baryton-saksofon)

... med Haike Dietrich (klaver)

Omtale

På denne haustkonserten vil CORUS presentere eit moderne program av nordisk og amerikansk musikk. Jan Morthenson merka seg i Sverige frå 60-talet med å skrive «non-figurativ musik», på 70-talet med «meta-musik»; og hans siste periode frå 80-talet, «existensialistisk musik» der Corale kjem frå. Verket uttrykker ein musikkfilosofi utan mål eller hensikt, men som eksisterer og undrar. CORUS er svært opptatte av å fremme ny, nordisk musikk på eit høgt nivå; og er no glade for å ha med seg den fantastiske pianisten Haike Dietrich på Olav Berg sin Kvintett for klaver og saksofonar. Olav Berg framstår enno som ein leiande komponist frå sin generasjon, og skriv spesielt godt og spennande for blåseinstrument. Stephen Dankner er ein komponist frå New York som har skrive eit dusin strykekvartettar og symfoniar, men også bygd eit flott repertoar for saksofon med solokonsertar, sonatar, trioar, og denne saksofonkvartetten frå 2014.

Fleire konsertar

Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 6. juli 2026