RÅ!

Denne gongen byr RÅ! på ein solo/duo-utgåve med 6 ulike innslag på 15 minutt kvar!

Kjøp billett

Program

Andreas Bergset

Kva skjer når ein puttar nyare samtidsmusikk inn i popmusikkens estetikk? Er det innafor å spele nedskriven akustisk musikk med midi-trommer? Kan ein spele ein kvartett med berre éin utøver? Alt dette prøver Andreas Bergset å svare på gjennom sitt soloprosjekt. Målet til Andreas er å gjere slagverkkonserten som arena meir tilgjengeleg for eit publikum som ikkje visste at dei likte slagverkmusikk.

Andreas Vangen Andersen

Andreas Vangen Andersen utforskar det arabiske instrumentet oud på tvers av musikalske kulturar. Med stoff frå Gudbrandsdalen, barokken og Midt-Austen, blandast ulike stilar i eit samla uttrykk med røter i improvisasjon og intimitet. Her møtast arabisk taqsim, springleik, halling og Bach på like premiss, med den eldgamle arabiske lutten som bindeledd.

Helga Myhr

Helga Myhr er ein hardingfelespelar og kvedar som speler i ulike konstellasjonar som vokalgruppa Kvedarkvintetten, folkemusikkbandet Morgonrode og i duo med DJ’ar, og med komponist Bendik Baksaas. Her vil publikum derimot få høyre ho heilt solistisk. Ved hjelp av hardingfela og stemma improviserer og eksperimenterer Helga seg gjennom dei spesielle songane og slåttane frå hjemtraktene i Hallingdal.

Harald Lassen

Harald Lassen speler litt for oss. Det blir hyggelig. Saksofon, EWI eller blokkfløyte. Kanskje alle?

Tiur

Tiur er ein stillferdig vokal- og pianoduo med mykje indre kraft, og består av Bethany Forseth-Reichberg og Martin Sandvik Gjerde. Med eit felles haldepunkt i den norske jazzarven, går dei tilbake til røtene for å utforske kontrastar mellom tradisjon og nyskaping. Debutalbumet «Når tiden står stille» blei spelt inn i Rainbow Studio og er den fyrste utgivinga på Forseth-Reichberg sitt plateselskap Fig Tree Music. Albumet har blitt tatt godt imot og DNs musikkmeldar Audun Vinger uttalte at musikken er “så vakker at den burde bli norsk folkelytting”

Monday Duo

Monday Duo er ein Oslobasert duo og speler frijazz, inspirert av John Coltranes senaste år, og europeisk frijazz. Begge musikarane er aktive rundt i Europa i mange ulike samanhengar, med mellom anna Megalodon, Trondheim Jazzorkester og Mall Girl.
Karl Hjalmar Nyberg
Veslemøy Narvesen

Omtale

Rå! er konsertserien av og med studentar ved Norges musikkhøgskole. Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spanande som skjuler seg i skolens krikar og krokar. Her vil du høyre alt frå godt etablerte band til det ferskaste rett frå øvingsrommet.

Det vil bli nye konstellasjonar eksklusivt for konsertserien, og samarbeidsprosjekt på tvers av kunstartar. Kom for å oppleve fersk musikk, drikk gratis kaffi og høyr dei nyaste banda før dei slepp ut av dørene på NMH.

Hald deg oppdatert om konsertane på Facebook @raakonsertserie og Instagram @rakonsertserie.