- Del 1: Jazzvokalensemblet
- Del 2: Simen Jakobsen Harstad
RÅ!
RÅ! er ein mangeårig konsertserie ved Noregs musikkhøgskole. Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spennande som skjuler seg i skolens krikar og krokar.
Program
Omtale
Jazzvokalensemblet
Jazzvokalensemblet viser fram noko av materialet dei har jobba med denne hausten. Ensemblet hentar element frå ulike tradisjonar som afro-cubansk seremoniell song og bånsull fra Gudbrandsdalen. Musikalske impulsar blir vovne saman med tekstar av mellom anna Robert Frost og Inger Hagerup. Solistar trer frem, og ensemblet utforskar eit mangfald av roller, klangar, stemningar og uttrykk.
Simen Jakobsen Harstad: Det Er Her De Stuper
Simen Jakobsen Harstad er ein gitarist, komponist og produsent frå Oslo, og medverkar i prosjekt som Himmelskip, Taraf og det tidlegare bandet Golden Core. Det Er Her De Stuper er eit soloprosjekt basert på gitar, elektronikk, fysisk lyd og ekstremdynamikk. Uttrykket kan ein lenke til ambient, drone og filmmusikk, malt med ein dunkel pensel. Fredagkonserten blir ei utforsking av konseptets vidare retning.
Fleire konsertar
-
Virvelrommet Onsdag 18. november
12:00 - 19:00 -
FolkemusikkMedieval Dialogues Tirsdag 24. november 19:00 -
FolkemusikkLjøsblått: Frida & Marte Haltli Fredag 27. november 20:00 -
Samtidsmusikk og elektronisk musikkKonsert: Å spele med historia – transformasjon som komposisjons-metode Torsdag 3. desember 19:00
Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 19. nov. 2026