Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

RÅ!

Kollasj av Vegard Hosarøygaard, Sivert Runhovde og Emilia Suchlich.

RÅ! er ein mangeårig konsertserie ved Noregs musikkhøgskole. Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spennande som skjuler seg i skolens krikar og krokar.

Jan Neumann, Vegard Hosarøygard, Aksel Høimo

Medverkande

Studentar på Det frie bachelorstudiet (FRIBA)

  • Didrik Hogness kombinerer det akustiske og det elektriske i denne framsyninga, med piano, song og lydar frå trommemaskin. Med ein miks av stemningsfull klang og digitale beats skaper han eit minimalistisk lydbilde.
  • Sivert Runhovde går i fjerdeklasse på FRIBA. Han har brukt dei siste tre åra på å utvikle låter til kassegitar og song, med fokus på nær formidling og uttrykksmessig breidde.
  • Vegard Hosarøygard studerer el-gitar på FRIBA på NMH. Prosjektet hans er å utforske møtepunktet mellom folkemusikk og el-gitar, og dei forskjellige sjangrane instrumentet ber med seg. Du vil få høyre lyriske slåttar, både eigenkomponerte og tradisjonelle, inspirerte av nordiske og keltiske klang-landskap, merkelege og vakre hardingfele-stemmingar og norske bygdedansar.
  • Jostein Jordet går i førsteklasse på FRIBA, og speler og syng original akustisk musikk, med tekstar på gudbrandsdalsdialekt. Musikken er inspirert av all musikken han liker, og legg vekt på tekstar og improvisasjon.

Pause

Emilia Suchlich: Songs & Cities III

Med Emilia Suchlich, Paul Prassel (gitar) og Nikolai Lyngra (bass)

Fleire konsertar

Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 5. okt. 2026