Musikalsk improvisasjon inneber ofte å spele noko anna enn det ein har øvd på, for å kunne skape spontant i ein interaktiv og uføreseieleg musikalsk situasjon. Spørsmål ein kan stille seg då, er mellom anna: kva øver improviserande musikarar på? Og kan ein øve på å frigjere seg frå det ein har øvd på? Korleis gjer ein i så fall det?
I denne avhandlinga undersøker Guro Gravem Johansen tematikken ved å ta perspektivet til jazzstudentar i høgre musikkutdanning som arbeider med å utvikle improvisasjonskompetansen sin. Det empiriske materialet bygger dels på analyser av kvalitative intervju med 13 studentar i høgre jazzutdanning ved ulike institusjonar i Noreg og Sverige, dels på ein kasusstudie med tre av studentane.
Forfattaren nyttar aktivitetsteori som teoretisk rammeverk, og øving på improvisasjon er beskreve ved hjelp av å sjå på kva for motiv, mål, gjenstandar og handlingsmåtar som kjenneteiknar øvepraksisane hos studentane. Det aktivitetsteoretiske konseptet ekspansiv læring blir nyttegjort for å analysere læring med eit potensielt ope resultat.
Funna i avhandlinga peiker på at det å utvikle ei personleg musikalsk stemme er eit overordna motiv for øving. Studien viser korleis deltakarane vektlegg autonomi og eigarskap både i høve til utval og nyttegjering av musikalsk materiale, og ovanfor institusjonen og lærarane. Bandsamspel er dessutan ein sentral læringsarena i seg sjølv, og gir den individuelle øvinga større meining. Forfattaren lanserer omgrepet utforskande øving for å fange opp eksperimenterande og improviserande aspekt ved øving som supplement til det meir etablerte omgrepet målretta øving.
Studien er eit bidrag til å få innblikk i perspektivet til studentar i jazzutdanning, og han viser korleis øvepraksisane rommar stor grad av mangfald og variasjon. Omgrepet utforskande øving er eit bidrag til øveforskingsfeltet, som fram til no i liten grad har undersøkt øving innanfor jazz og improvisasjonsbaserte musikkformer.
- NMH-publikasjoner 2013:8.