Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ultima 2025: Det utstrekte

Uskarpt bilde av kvinne som beveger armene.

Ei scenisk framsyning av Nina T. Karlsen og Erik Dæhlin.

Erik Dæhlin

Ein dirigent i møte med seg sjølv

Dirigent Nina T. Karlsen trer fram aleine i «Det utstrakte» – utan partitur, utan kor, som ein solist. Ho dirigerer etter minnet: av songar, korverk og vokale avtrykk som har forma ho gjennom mange års erfaring med prøver og konsertar. Med ansikt, pust, blikk og hender maner ho fram det som ein gong blei sunge. Stilla blir fylt av nærvær. Pusten hennar fangar etterklangen i kyrkjerommet.

Når koret kjem inn, trer det inn i eit rom som allereie er fylt av førestilt lyd. Eit rom forma av éin person si rørsle, lyttande nærvær, indre høyrsel og det imaginære. Her oppstår ein annan type musikk – ein musikk som veks fram av minne, resonansen i rommet, nye historier og samanhengar, og oppmerksamt samspel.

Kor mykje musikk kan éin kropp romme?

Nina T. Karlsen, dirigent

«Det utstrakte»  er utvikla av Nina T. Karlsen (dirigent) og Erik Dæhlin (komponist, regissør og scenograf) i samarbeid med Det Norske Solistkor, Ensemble 96 og koreograf Kari Anne Bjerkestrand. Ei scenisk framsyning som tar stilla på alvor, og undersøker dirigenten som musikalsk, teatralsk og sosial figur. Ei stillferdig og lyttande oppleving – som spør:

Kor mykje musikk kan éin kropp romme?

Medverkande

  • Nina Therese Karlsen (dirigent)
  • Erik Dæhlin (regissør og komponist)
  • Kari Anne Bjerkestrand (koreograf)
  • Det Norske Solistkor
  • Ensemble 96

Støtta av

  • Kulturrådet
  • Bergesenstiftelsen

Fleire konsertar

Publisert: 11. jun. 2025 — Oppdatert: 27. jun. 2025