Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Inscape

Potrett av Soohyun April Jang med fiolin.

Soohyun April Jang speler eigen musikk på denne konserten, inspirert av naturen i Noreg.

J-woo Kim

Soohyun April Jang er ein fiolinist, improvisatør og komponist frå Sør-Korea. Ho går på Det frie masterprogrammet (FRIMA) ved NMH.

Ho har komponert musikk inspirert av naturen og landskapa ho har møtt under sine reiser i Noreg, noko som blei drivkrafta bak albumet hennar Inscape frå 2019. På denne konserten vil ho framføre songar frå det originale komposisjonsalbumet sitt, inkludert songar som ikkje er gitte ut og nye songar, omarrangerte for ei rekke ensemble – inkludert eit jazzband, strykekvartett og elektrisk vibrafon – saman med medstudentar og musikarar i Oslo.¨

Publikum blir invitert til ein live-konsert der visuelle og musikalske element møtest, og får oppleve eit lydlandskap som kryssar grensene mellom improvisasjon, kammermusikk og ambient musikk. Det vil vere eit einsamt og kontemplativt augeblikk i møte med stordomen og venleiken i naturen.

Program

  • Alone
  • The Air (new)
  • Sorrow
  • Raindrops
  • Both sides
  • Walking on the Lake
  • Silence

Medverkande

  • Soohyun April Jang (fiolin)
  • Isak Austnes Brekken (piano)
  • Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon)
  • Jakob Nisja Gjønnes (bass)
  • Mattis Teigen-Kolerud (trommer)
  • Wouter Torringa (fiolin 2)
  • Christin Joten (bratsj)
  • Wei Ting Tseng (cello)

Fleire konsertar

Publisert: 17. jun. 2025 — Oppdatert: 1. jul. 2025