Virvelrommet / The Vortex Space er eit ope rom, så du er velkomen til å vere der i heile opningstida om du vil.
Her blir det speling og deling av musikk frå heile spekteret av stilar og sjangrar vi utøvar og skapar på NMH. Det blir presentasjonar i mange ulike format, og gruppesamtalar som ein kan setje seg ned og lytte til eller ta del i.
I mellomromma vil det vere stillheit, der ein kan gå rundt og oppleve installasjonar og tekster og bøker som ulike NMH-folk har plassert rundt i rommet.
I studieåret 2025–26 blir det fire Virvelrom. Nederst kan du sjå video frå uRommet, hausten 2024.
Sjå prosjektsida til Virvelrommet. Der finn du meir informasjon om prosjektet, samt bilete og video frå fleire Virvelrom.