Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Virvelrommet

-
Pianist spiller flygel med ryggen til på mørk scene.

Ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid.

Du er velkommen til å opphalde deg i Virvelrommet i heile opningstida. I laupet av timene vil det føregå eit program av små og store konsertar, opne gruppesamtaler, diskusjonar og ulike typar installasjonar og presentasjonar frå alle miljøa på NMH, og med gjestar utanfra. Det blir pausar på ca. eit kvarter mellom dei ulike innslaga.

Forskingssenter: NordArt

Sjå prosjektsida til Virvelrommet. Der finn du meir informasjon om prosjektet, samt bilete og video frå tidlegare Virvelrom.

Program

Kl. 12:00: Virvelrommet opnar. Kom inn!

Ei rekkje stasjonar med video, tekster og bøker står i rommet heile dagen:

  • Anja Lauvdal, Jenny Berger Myhre med fleire: «Havgaver» (tekst-fanzine og projisert video)
  • Musikkterapi: «Arts and health stories: Arve» (tekst og video)
  • Edvard Valberg: «will to chaos/lust for life» (tekst og video)
  • Henning Kraggerud: «Improvisasjoner» (videokarusell og inspirasjonslitteratur)
  • Deling av kunstnarleg arbeid på plattformen Research Catalogue: åtte inspirerande eksempel. Her kan du klikke deg rundt i nokre RC-eksposisjonar laga av tilsette, stipendiatar og masterstudentar ved NMH
  • Nils Henrik Asheim: «Musikken, reinkarnasjonen og å leve øyeblikket om igjen» (refleksjonstekst)

Kl. 12:20: Tjuvlytt på podkasten «Mellom slaga» – ein del av musikarhelseprosjektet

  • Vi får høyre eit opptak – kort utdrag – frå samtala mellom Jo Fougner Skaansar og Jon Balke i denne heilt nye podkasten om musikarhelse og prestasjonspsykologi.
  • Etterpå vil nokre av dei som er med i musikarhelseprosjektet (studentane Karen Elise Fridtjofsen og Sofus Sverressønn Finne, rådgjevar Cathrine Nymoen Dorg og fysioterapeut Karen van der Starre) ha ei samtale med publikum om temaet, kva folk sine erfaringar er, og kva vi ønsker oss frå ein slik podkast.

Kl. 13:00: Anja Lauvdal om kunstprosjektet «Havgaver»

  • Musikar, komponist og NMH-stipendiat Anja Lauvdal, saman med musikar og videokunstnar Jenny Berger Myhre, syner og fortel frå arbeidet med dette økotematiske bestillingsverket som blei urframført på Henie Onstad Kunstsenter i april i år.
  • Moderator: Morten Qvenild

Kl. 14:00: Ida Løvli Hidle og Erlend Skomsvoll om akkordeonkonserten «Clashes»

  • Akkordeonist og NMH-lærar Ida Løvli Hidle og komponist og NMH-lærar Erlend Skomsvoll speler musikk og samtalar om da han skreiv denne konserten for ho og Ensemble Allegria i 2016.
  • Moderator: Live Maria Roggen

Kl. 15:00: Lytte saman

Ny serie i Virvelrommet! Fire NMH-kollegaer frå ulike fagområde deler musikk dei bryr seg om eller er interesserte i, og samtalar om det. I dag er det Lisa Dillan, Gaute Storsve, Bjørg Lewis og Julius Pranevicius som har med musikk.

Kl. 16:00: Suppe og sirkulasjon

Det blir servert suppe, og ein kan sitje og samtale, eller gå rundt og sjekke ut dei forskjellige stasjonane med video, tekst og musikk.

Kl. 16:15: Open scene I – levande musikk og samtale

  • Utvekslingsstudentar Kirsi-Marja Harju (trompet, song, elektronikk) og Arthur Clees (vibrafon), og student Iver Graabræk-Dyndahl (vibrafon)
  • Student Tim Guido van Breemen (song)
  • Studentane Mattias Vidme Crantz (song) og Jakob Mo (piano)
  • Moderator for samtala mellom innslaga: Live Maria Roggen

Kl. 17:00: Peter Herresthal om kunstnarleg utforsking i rolla som utøvarlærar

  • Fiolinist og NMH-lærar Peter Herresthal deler tankar om utøvarlærarane sin FoU, og om korleis han kan nyttast i undervisninga. Student Alma Kraggerud speler eksempel saman med Sebastian Egebakken Svenøy (piano) og deltar i samtala som er ope for fleire.
  • Moderator: Morten Qvenild

Kl. 17:45: Open scene II – levande musikk og samtale

  • Studentane Hanna Kallestad (fiolin) og Guro Kverndokk (song)
  • Stipendiat Anne Hytta (hardingfele)
  • Student Sofus Sverressønn Finne (piano)
  • Moderator for samtala mellom innslaga: Ingfrid Breie Nyhus

Kl. 19:00: Virvelrommet stenger

Velkomen att torsdag 29. januar!

Fleire konsertar

Publisert: 13. juni 2025 — Oppdatert: 16. okt. 2025