Komponistar av alle slag og til alle tider har alltid lånt av kvarandre. Nokre lån er heilt oppe i dagen og ikkje til å ta feil av, mens andre kan vere godt skjulte.
I jazzverda blei det lånt populære låtar frå Broadway, og etter kvart byrja også popmusikken å låne frå jazz og klassisk: Donald Fagen og Keith Jarrett endte opp i retten, mens Eric Carmen gjorde seg søkkrik på All By Myself, ironisk nok var mesteparten av låten av Sergej Rakhmaninov. Langt bakover i historia blei verdsleg musikk smugla inn i kyrkjelege verk av smarte komponistar, gode gamle Bach fekk eit fugetema frå Kong Fredrik den store av Prøysen som utfordring; Anton Webern tok ein flik av Bach sitt enorme resultat og gjorde sin eigen versjon, og så lagde Sofija Gubajdulina fiolinkonsert av Webern si utgåve. Bob Dylan laga Make You Feel My Love av opninga til Beethovens sjuande; Duke Ellington sin Peer Gynt-musikk blei nekta radiospilling i NRK.
Historiene er mange, det blir framleis rekomponert musikk så det syng, og denne utfordringa har vi gitt vidare til deltakarene i European Jazz Workshop. Pass godt på verdi(!)sakene, her skal det stelast av studentar frå Parma, Wien, Nürnberg og Oslo.
Søke NMH?
- Bachelorstudiet i utøving – improvisert musikk og jazz
- Bachelorstudiet i musikkpedagogikk – jazz/pop/rock
- Det frie bachelorstudiet
- Masterstudiet i utøving – improvisert musikk og jazz
- Masterstudiet i utøving – Den komponerande musikar (NoCom)
- Det frie masterstudiet
- Masterstudiet i komposisjon – jazzkomposisjon for større ensemble
Søknadsfrist 15. desember.