Gjennom prosjektet utforskar han overtonar på kontrabassen, omstemmingar av strengane, mikrotonalitet, lydimitasjon samt melodiar og rytmar frå slåttane.
Slåttar på kontrabass betyr ikkje berre at han reint bokstaveleg speler slåttar på kontrabass, men viser også til hans eigen musikk som har utvikla seg i samspel med folkemusikken.
På konserten framfører han både balladar, religiøse folketonar, brudemarsjar og feleslåttar, mellom anna Dei frearlause menn, Kvilesteinen, Brudemarsj etter Mikael Plassen, Brudemarsj frå Sørfold, Kveldshymne (dagen viger og gaar bort), Sjåheimen og Den lyse dag forgangen er.
FoU-prosjekt knytta til NordArt.