Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

The Field in Between

Uklart bilde av Ingar Zach på scenen i svarthvitt, foran en mikrofon.

Avsluttande konsert for stipendiat på ph.d.-programmet i kunstnarleg utvikling, Ingar Zach, og hans ph.d.-prosjekt «Den vibrerande tromma – om utviklinga av ein musikalsk praksis for den moderne perkusjonisten.»

Ingo J. Biermann

Program

  • Ingar Zach (solopauker med vibrerande høgtalar): The Field in Between I
  • Jennifer Torrence, Ane Marthe Sørlien Holen, Ingar Zach (gran cassas med vibrerande høgtalar): The Bass Shaker's Guide to the Galaxy
  • Dans les arbres; Christian Wallumrød (piano), Ivar Grydeland (pedal steel), Xavier Charles (klarinett), Ingar Zach (gran cassa med vibrerande høgtalar, perkusjon): The Field in Between II

The Field in Between – en videoinstallasjon

Ingar Zach presenterer små videominiatyrar av vibrerande materiale på ei membran. Videoane er filma med ein iPhone i sakte film, og lyden er pitcha ned. Nytt materiale kjem fram i prosessen med å bremse ned tida. Videoane vert presentert i fire løkker med ulike lengder, noko som opnar opp for endelause visuelle og høyrbare kombinasjonar. Lyden fyller rommet i ein omni-konfigurasjon.

Konserten er ein del av Ultimafestivalen.

Den vibrerande tromma

Trangen til å utforske nye måtar å nærme seg instrumentet på er den viktigaste drivkrafta for ein improvisarende musikar. I perkusjonist Ingar Zach sitt tilfelle, er det eit ibuande behov og ei stadig leiting etter å finne fram til alternative teknikkar og lydmoglegheitar på instrumentet sitt.

Les meir om prosjektet her.

Fleire konsertar

Publisert: 21. jun. 2023 — Oppdatert: 15. aug. 2023