Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Being Somewhere

Robert Seaback sitter ved en laptop, svarthvittbilde.

Denne konserten presenterer eit utval musikk komponert for Robert Seaback sitt doktorgradsprosjekt i kunstnarleg forsking, «Embodied/Encoded: Presence in Digital Music.» Dette er hans avsluttande konsert.

Ingo J. Biermann, Steph Delardo, Mariam Gviniashvili

Prosjektet utforskar digitale og fysiske manifestasjonar av nærvære gjennom praksisar innan opptak, kreativ koding, lydproduksjon og romleg elektronisk musikk-komposisjon. For Ultima vil Seaback bruke eit immersivt lydsystem og ambisonisk teknologi for den elektroniske musikken sin, inkludert urframføringa av eit samarbeidsverk med fløytist Alessandra Rombolà.

Robert Seaback

Robert Seaback er ein komponist og lydkunstnar frå USA, for tida busatt i Oslo. Musikken hans uttrykkjer djup inderlegheit, hyperrealisme, digital stillstand og kontinuitet mellom ulike element – ved å integrere stemmer, instrument, lydlandskap og syntetiske kjelder gjennom digitale teknikkar. Han har arbeidd med ulike medium, inkludert immersiv romleg lyd, blanda musikk for ensemble, elektroakustisk improvisasjon og lydinstallasjon.

Seaback har ein doktorgrad i komposisjon frå universitetet i Florida, samt musikkutdanning frå Mills College (MA) og Northeastern University (BS). Han er i desse dagar stipendiat på ph.d.-programmet for kunstnarleg utvikling ved Noregs musikkhøgskole, der han samarbeider med komponist Natasha Barrett. Musikken hans har blitt presentert ved internasjonale arrangement som ICMC, SMC, SPLICE Festival, Sonorities, MA/IN og ISCM World New Music Days, og mottatt prisar frå Música Viva-konkurransen, IEM & VDT 3D Audio Production Competition, Xenakis International Electronic Music Competition, ASCAP/SEAMUS, University of Florida og Mills College.

The Semiotics of Presence

Robert Seaback er komponist og stipendiat på ph.d.-programmet i kunstnerisk utvikling.

Les mer

Fleire konsertar

Publisert: 21. jun. 2023 — Oppdatert: 26. sep. 2023