Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

The European Jazz Workshop – Oslo jazzfestival

Logoen til The European Jazz Workshop med tekst

Samarbeidskonsert med musikarar frå Italia, Tyskland, Skottland og Norge.

Naomi Rupprecht

Norges musikkhøgskole har eit omfattande utanlandssamarbeid, og ikkje minst jazzavdelinga ser seg stadig rundt i verda etter interessante samarbeidsformer og samarbeidspartnarar. Samtidig finnast det eit veksande miljø på skolen rundt store ensemble, og ikkje minst på komponistsida spirer og gror det. Det EU-finansierte prosjektet «The Jazz Workshop» har tjuvlånt tittelen frå George Russel som ein gong var ein viktig skikkelse i å plassere jazznorge på andre kart enn norgeskartet, og no er det våre studentar som skal ut og feste fleire knappenåler.

Dette er eit samarbeid mellom ikkje berre fem europeiske høgskolar og konservatorium, men i tillegg også fem store festivalar på dei stadane vi har valt oss som partnarar: Nürnberg, Hamburg, Parma og Glasgow. Det blir satt saman eit stort ensemble på kvar stad til kvar festival, og først ut skulle Oslo Jazzfestival og NMH vore i august i fjor.

Det gjekk!

Som alle veit satte pandemien ein brutal stopp for det, og det så med nød og neppe ut som det skulle gå i år. Sidan du nå les dette så gjekk det bra. Vanlegvis følgjer vi med på komponistanes deadline med hjartet i halsen, men her har det dreia seg vel så mykje om vaksine nummer to og grøne EU- pass. Vi hadde eit band med ungdom frå ni land – no er dei som ikkje fekk komme inn i kongeriket, bytta ut med våre glimrande NMH-studentar. Men musikken fekk komme, så mange er likevel til stades med komposisjonane sine. Derfor har vi også tatt oss den fridomen å bytte ut ein trommis med sjølvaste Peter Baden, nettopp for å få alle innsendte lydfiler og videobidrag frå dei musikarane som ikkje fekk komme, til å skinne.

Alle komponistane har fått tilsendt eit «Code Chart» med forskjellige kodar der stadnamn, dagens dato og årstal er koda om til tonar. Desse er så smugla inn i komposisjonane, eller er rett og slett gjennomført gjennom heile komposisjonen, så om de har nase og øyre for slikt, så kan de skru dei på stilkar no: Her kjem Oslo Code 21.08.21.

Publisert: 18. jun. 2021 — Oppdatert: 11. aug. 2021