Anders Tveit (1977–) og Eir Inderhaug (1971–): Gumlemål
For stemme, sanntids KI-baserte klangfargeoverføringar og stemmeoverføring (2025). Med Eir Inderhaug (vokal).
A. Tveit: Flytpunkt nr. 2
For sjølvspelande piano og fiolin (2025). Med Victoria Johnson (fiolin) og sjølvspelande piano.
Oppstår det ein slags musikalsk poesi i samspelet når ein KI-modell er trent på eit heilt annleis musikalsk materiale enn kva han får inn? I dette verket for sjølvspelande piano (disklavier) og fiolin undersøker vi nettopp dette: ein KI-modell, som er trent på Ligeti sin Etude nr. 5 og nr. 8, improviserer over dei innkommande dataene og responderer på den skrivne fiolinstemma.
A. Tveit: Broken
For maskinlært live-elektronikk og sopransaksofon (2023/2024). Med Torben Snekkestad (sopransaksofon).
I dette stykket, som originalt blei skrive for klarinett, foregår ei utforsking av live-elektronikk og maskinlæring. Eit nevralt nettverk har analysert og lært seg utvalde klangfargar av solostemma gjennom klassifiseringar som igjen styrer ulike prosseseringar og transformeringar i sanntid.
A. Tveit: Flytpunkt nr. 1
For maskinlært live-elektronikk, elektroakustisk lyd og fiolin (2024/25).
Flytpunkt nr. 1 er eit stykke der den kunstnarlege utforskinga ligg i maskina si digitale, omtrentlege forståing av lyd og musikk gjennom numeriske verdiar og punkt. Stykket blei bestilt av Victoria Johnson og inngår som det første i ein serie komposisjonar.
A. Tveit: Mesmerisms nr. 1
Elektroakustisk lyd og video, 8-kanals (2022/23).
Det primære kjeldematerialet for dette verket inkluderer lydopptak av elektromagnetiske felt og datagenerert video og videoprosesseringar. Inspirasjonen bak denne kunstnarlege utforskinga kjem frå det esoteriske og pseudovitskaplege konseptet «animalisk magnetisme», som blei introdusert av Franz Anton Mesmer (1734–1815).