Love Your Latency er ei unik og tankevekkande konsertoppleving. Konserten foregår parallelt i Kilden og på Noregs musikkhøgskole i Oslo. Du møter fire musikarar på scena i Kristiansand, i samspel med fire musikarar på scena i Oslo. Teknologien gjer det mogleg for dei årvakt lyttande musikarane å spele saman trass stor geografisk avstand. Konsertsalane er fylte med musikarar som er fysisk til stades, og lyd- og bileteoverføring frå musikarar 320 km. unna. Saman utforskar musikarar samspel og improvisasjon over internett.
Eit utvida her og no
Publikummet i Oslo og publikummet i Kristiansand vil oppleve den same konserten, men betraktar han frå heilt ulike vinklar. Samtidig gir konsertforma heilt spesielle kunstnarlege rammer også for musikarane. Reisetida for lyd og bilete mellom Kristiansand og Oslo, og forvissinga om at det er to ulike fysiske rom, to ulike publikumsgrupper som blir foreina, skaper ein særeigen situasjon. «Her og no» er faktisk ikkje identisk i dei to konsertsalane. Eller sagt på ein annan måte – konserten utfordrar det vi vanlegvis betraktar som «her og no». På denne måten utfordrar og utforskar musikarane viktige mellommenneskelege prinsipp som tilstadeverande, lytting og fellesskap.