Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Om den eigne følelses nødvendigheit

Portrett av Olaf Andreas Strand foran gul vegg.

Kva vil det seie å ha kunnskap om korleis ein skal spele musikk? På denne foredragskonserten utforskar vi grunnleggjande spørsmål om korleis vi kan forstå og tolke musikk, med utgangspunkt i klaveravhandlingar frå overgangen mellom det 18. og 19. hundreåret.

Sofus Sverressønn Finne

I lys av teoriar frå opplysningstida og romantikken, om kjensler som kjelde til kunnskap, gir desse tekstane ein bodskap som kan verke framand for tida vår og vårt sentrale omgrep om informasjon. Du får også høyre musikk frå desse periodane – i eit forsøk på å nytte denne andre vegen fram til kjerna til uttrykket.

Medverkande

  • Olaf Andreas Strand (klaver)
  • Lukas Krefting Hovland (cello)

Fleire konsertar

Publisert: 13. jun. 2025 — Oppdatert: 1. jul. 2025