Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spennande som skjuler seg i skolens krikar og krokar. Her vil du høyre alt frå godt etablerte band til det ferskaste rett frå øvingsrommet.
Medverkande
Sivert Runhovde
Songar, gitarist og låtskrivar Sivert Runhovde går andre året på Det frie bachelorstudiet på NMH. Sivert har gitt ut musikk under eigne og andres prosjekt sidan 2016, mellom anna som soloartist under pseudonymet Lukas Claude og seinast under sitt eige namn. I 2023 gav han ut sitt første album med tittel «Sivert Runhovde». På Musikkhøgskolen jobbar han med å skrive låtar innan norsk visetradisjon, og å arrangere musikken til akustiske instrument. Denne kvelden vil de få høyre Sivert spele heilt nye låtar i formatet låtane blir skrivne i, nemleg aleine med kassegitaren.
Alkul
Alkul duo består av vokalist Björg Blöndal og elektrisk gitarist Thorkell Ragnar. Gruppa kjem frå Island og presenterer ein miks av originale komposisjonar og islandsk folkemusikk. Dei strevar etter å skrive minimalistisk og enkel musikk samtidig som dei utfodrar normane på leiting etter ulike lydar og teksturar i improvisasjon. Musikken deira kunne vore beskriven som mørk, dyster og tung, men leiken med fargerike og sterke melodiar.