Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Om fleire kjem til kyrkja, må vi også ha fleire kyrkjemusikarar?

Marc Labruijere underviser elev ved Ålesund kulturskole.

Det skjer ting på fleire kantar i den trua kyrkjemusikken – og i kyrkjas besøkstal blant unge.

NMH-forskarane Sidsel Karlsen og Siw Graabræk Nielsen har saman med Anne Jordhus-Lier på Universitetet i Innlandet, forska på dei norske kulturskolanes musikktilbod sidan 2018, gjennom Dynamus-prosjektet.

Nyleg gjennomførte dei ei landsomfattande spørreundersøking blant alle landets kulturskolar om deira musikktilbod i 2024. Studien er ei oppfølging av ein liknande studie i 2019. 55 %, eller 182, av skolane svarte.

Siw Graabræk Nielsen og Sidsel Karsel sitter på/står ved trapp, høstblader i forgrunnen
Siw Graabræk Nielsen og Sidsel Karlsen.

Forskarane synest det er ei lita gladmelding at det av 2024-tala går fram at antalet kulturskolar som tilbyr undervisning i kyrkjeorgel eller pipeorgel har auka.

– Kulturskolane tar ansvar! skriv Siw og viser til det fleire har kalla kyrkjemusikk-krisa i Noreg, og faren for å mangle hundrevis av kyrkjemusikarar innan eit knapt tiår.

Rekordauking

Samtidig fekk Den norske kyrkje rekordmange innmeldingar frå 25–34-åringar i 2024. Kvar femte innmelding kom frå unge i denne aldersgruppa – 750 stykk totalt. Det er ei tredobling sammenlikna med tal frå 2015, ifølge Den norske kirkes medlemsstatistikk for 2024.

På same tid viser tala at det er ein trend at stadig færre yngre menneske melder seg ut av kyrkja.

– Det er gledeleg å sjå at så mange unge kjem til kyrkja, og det er også noko vi ser i gudstenesta våre, seier domprost i Oslo domkyrkje, Pål Kristian Balstad.

At unge menneske ønsker å jobbe i kyrkja, mellom anna som kyrkjemusikarar, er veldig viktig for framtida.

Pål Kristian Balstad, domprost i Oslo domkyrkje

Balstad peiker på ei auking av kristne konfirmantar i enkelte meinigheiter i Oslo, og legg til at stadig fleire unge barnefamiliar vel å døype ungane sine i kyrkja.

– For å møte alle som kjem til kyrkja, treng vi trygge og fine tilsette som kan ta dei imot, seier Balstad.

– At unge menneske ønsker å jobbe i kyrkja, mellom anna som kyrkjemusikarar, er veldig viktig for framtida. Slik at kyrkja skal kunne møte framtida slik vi vil.

Bygde digitalt orgel sjølv

På Ålesund kulturskole har dei verkeleg fått i gang orgelundervisninga. Det starta med avgrensa kurs for omtrent tre år sidan. Der deltok alt frå barn til musikarar i 50-åra, og interessa skulle snart vere såpass stor at tilbod om orgel som hovudinstrument snart var ein realitet.

Kåre Nordstoga underviser student ved orgelet i Oslo domkirke.
Frå undervisning imed orgelstudentar frå NMH i Oslo domkyrkje, hausten 2024.

Verksemdsleiar Gro Dalen og avdelingsleiar for musikk, Miki Campins, gir mykje av æra til dei dedikerte organistane som jobbar på kulturskolen. Blant dei finn vi Marc Labruijere, som rett og slett har bygd sitt eige digitale orgel som ein kan demontere og flytte på. Å kunne undervise i instrumentet utan å måtte forlate skolen og dra til ei kyrkje, trur dei to leiarane også er viktig. Da får elevane eit miljø.

Gjennom ein avtale med kyrkja har dei også kjøpt inn eit digitalt orgel nummer to, i tillegg til at elevane får spele på kyrkjeorgel på nokre konsertar.

Vidare på musikklinja

– Om ein gjer instrumentet litt meir tilgjengeleg, er det stor interesse der ute. Orgel er eit populært instrument, seier Miki, som meiner at tilgjengelegheit er alfa og omega.

I dag har Ålesund kulturskole ein handfull orgelelevar, i tillegg til prosjektbaserte kurs for pianoelevar. Organistane får også vere med i store ensemble, tidvis med opptil 50 musikarar.

– Det er spesielt og veldig viktig, seier Miki. – Orgel er eit instrument som tar plass og blir høyrt.

Gro peiker på at orgel også fungerer godt som akkompagnement-instrument. Alle treng ikkje bli kantorar, og ho har tru på å vise fram breidda i instrumentet.

Dei nøler ikkje med å kalle orgelutviklinga i Ålesund for ein suksess – og den kanskje beste målestokken på akkurat det, er at fleire av orgelelevane har gått vidare på musikklinja på vidaregåande – med orgel som hovudinstrument.

Artikler relevante