- Alois Hába (1893–1973): Partita for saksofon solo, op. 99
- Maurice C. Whitney (1909–1984): Rumba og Introduction and Samba
- Werner Wolf Glaser (1913–2006): Drei Sonaten im alten Stil
- Clair Leonard: Recitative And Abracadabra
- Paul Hindemith (1895–1963): Konzertstück für zwei Altsaxophone
- Erland von Koch (1910–2009): Birthday Music for Sigurd M. Raschèr
Ei hyllest til Sigurd Raschèr
Saksofonist Petter Voilås speler masterkonsert.
Program
Medvirkende
- Petter Voilås, Andreas Helgeland (saksofon)
- Haike Dietrich (klaver)
Omtale
I mitt siste år på masterstudiet inviterer eg publikum med på ei musikalsk reise inn i ein av saksofonhistoria sine mest særeigne og innflytelsesrike tradisjonar: Raschèr-skolen. Sjølv om eg gjennom studia hovudsakleg har arbeidd innan den moderne saksofonskolen, har Raschèr-tradisjonen lenge vore ei stor kunstnarleg interesse for meg. Dette året ønsker eg derfor å fordjupe meg fullstendig i denne spelestilen – frå opphavet hos Sigurd Raschèr til korleis arven hans lever vidare i dag.
Prosjektet startar med mannen som forandra saksofonens historie. Sigurd Raschèr var ikkje berre ein virtuos utøvar, men også ein pioner som utvida dei tekniske og musikalske moglegheitene i instrumentet og inspirerte ein heil generasjon komponistar til å skrive ny musikk for saksofon. Eg har derfor gleda av å invitere til min første masterkonsert: A Tribute to Sigurd Raschèr.
Denne konserten blir ei hyllest til Raschèr sin kunstnarlege arv, med musikk dedikert til han. Publikum får oppleve eit repertoar som viser både varmen og den kraftfulle klangverda i saksofonen, samt den unike musikalske estetikken som har gjort Raschèr-skolen så innflytelsesrik gjennom fleire generasjonar. Gjennom arbeidet med denne musikken søker eg ikkje berre å forstå Raschèr sin spelestil, men også å komme nærmare hans visjon for instrumentet.
Velkommen til ein kveld med lidenskap, historie og variert saksofonmusikk.
Fleire konsertar
-
KlassiskNordisk horntrio: urframføring og konsert Fredag 25. september 18:00 -
KlassiskHaustkonsert med CORUS saksofonkvartett Lørdag 31. oktober
16:00 - 17:00 -
Samtidsmusikk og elektronisk musikkLuope – Insecta Søndag 1. november 18:00 -
Orkester og ensemblerKammermusikkveka: Chamber Brass Torsdag 5. november 20:00
Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 6. juli 2026