Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Minnekonsert for Bjørn Kjellemyr

Bjørn Kjellemyr står og spiller kontrabass.

Kollegaer speler minnekonsert for Bjørn Kjellemyr.

Morten Christiansen

Bjørn Arvid Kjellemyr (1950–2025) var ein norsk jazzmusikar (bass). I Skien var han med i Guttorm Guttormsens band, før studium ved Noregs musikkhøgskole (1974–1978) i Oslo. Han medverka i eit stort antal ulike jazzgrupper med mellom anna Knut Riisnæs, Jon Eberson, Bugge Wesseltoft, Audun Kleive, Jon Balke, Jan Gunnar Hoff, Ketil Bjørnstad, og er særleg kjent for sitt lange samarbeid med gitaristen Terje Rypdal. Av utenlandske musikarar har Kjellemyr spelt med mellom anna Joe Henderson, Bob Berg, Chet Baker, Art Farmer, Pat Metheny og Mike Stern. Han bidrog også på eit stort antal plateinnspelingar, og spelte med norske songarar og låtskrivarar som Kari Bremnes, Jan Eggum, Anne Grete Preus og Karoline Krüger.

Kjellemyr blei tildelt prisen Årets jazzmusikar frå Foreininga norske jazzmusikarar (1990) og Buddyprisen 1994 frå Norsk jazzforbund. Han var frå 2005 tilsett ved Noregs musikkhøgskole som førsteamanuensis ved studieretning improvisert musikk og jazz. Frå 1998 medverka han på konsertar og innspelingar med luttspelaren Rolf Lislevand og hans impro/barokkensemble, seinast på albumet «Diminuito», som blei gitt ut i 2009 av plateselskapet ECM. Bjørn sin diskografi er uendeleg lang. Han var ein høgt etterspurd ensemblemusikar i det meste av sentrale prosjekt i musikk-Noreg.

På minnekonserten vil han bli heidra av ei rekkje tilsette på NMH, tidlegare studentar, og kollegaer i frilans-miljøet. Programmet blir lagt utover sommaren, men sentrale medverkande blir Ellen Andrea Wangs kontrabassorkester, Jan Gunnar Hoff trio, Jon Balke / Ellen Andrea Wang duo, Morten Halle / Jon Eberson, Rob Waring, Roger Arntzen, Pål Thowsen og fleire.

Fleire konsertar

Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 6. juli 2026