Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Astrid Kvalbein: Musikalsk modernisering - Pauline Hall (1890-1969)

Ei utforsking av Ny Musikk-leiar Pauline Hall si verksemd gjennom dei to første tredjedelane av 1900-talet med ulike forståingar av modernitet og modernisme som omdreiingspunkt.

Fagområde: Oppføringspraksis

Samandrag

Framstillinga er strukturert rundt tre viktige roller Pauline Hall hadde i musikk- og kulturlivet:

  • ho skilte seg tidleg ut som ein franskinspirert komponist
  • ho falda seg ut som teatermenneske ved både å skrive scenemusikk og å regissere
  • ho var grunnleggjar og mangeårig leiar av organisasjonen Ny Musikk

I tillegg utmerkte ho seg gjennom fleire tiår som skribent og debattant, særleg som kritikar i Dagbladet.

Kvalbein nærmar seg Hall frå tre forskarposisjonar: ein biografisk, ein utøvande og ein kultursosiologisk og diskursorientert posisjon.

Den mangesidige musikkpersonen kjem slik fram gjennom skildringar av livet til Hall, levande tolkingar av songane hennar (lagt ved på CD) og tematiske drøftingar knytt til dei overordna spørsmåla om modernitet. Til saman kastar arbeidet nytt lys både over Hall, impulsane ho formidla frå eit større Europa til Noreg og tidene ho levde i.

Ph.d.-avhandlinga

Fullstendig tittel: Musikalsk modernisering: Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar.

Avhandlinga består av ein monografi og ei CD-innspeling der Kvalbein sjølv er utøvar. Komplett avhandling er tilgjengeleg i NMH sitt bibliotek, medan monografien er tilgjengeleg i NMH sitt digitale vitenarkiv Brage.

Avhandlinga er skrive på norsk.

Artikler relevante

Publisert: 6. jan. 2017 — Oppdatert: 22. apr. 2024