Alle utøvande musikkpraksisar rommar eit mangfald av musikalske tilnærmingar, og alle forheld seg til tema som lytting, interaksjon, responsivitet, tolking, tradering, improvisasjon, fellesskap, eigarskap, identitet, og ulike måtar å tilegne seg og ta i bruk kunnskap på.
Tidlegare CEMPE-prosjekt har vist at det å dele erfaringar og innsikter rundt slike tema på tvers av fagområder har eit stort potensiale både for læring og inspirasjon for alle som deltek. Særleg har mange studenter ved NMH interesse for eit mangfald av sjangrar og innfallsvinklar til å utøve og formidle musikk.
CEMPE-prosjektet ”På tvers” er eit forum som går gjennom studieåret der studentar og lærarar frå ulike sjangrar og felt møtast og musiserer saman, i kombinasjon med dialog og diskusjon. Vi tilstreber månadlege hendingar, der kvar hending har eit bestemt tema med ein eller fleire innleiarar. Innleiarane er studentar eller lærarar ved NMH, eller ekstern inviterte gjester.