Prosjektet gjennomførast av Guro Gravem Johansen, førsteamanuensis i musikkpedagogikk (NMH) og Una MacGlone, research fellow/lecturer (Royal Conservatoire in Scotland (RCS) i Glasgow, og Edinburgh University) frå hausten 2018 til våren 2021.
Samandrag
Studien har tre faser, der den første er ein pilotstudie. I denne studien undersøkte dei to forskarane kvarandre si undervisning i fri improvisasjon som gjestelærarar på den andre forskaren sin heimeinstitusjon (høvesvis NMH og RCS). Den forskaren som ikkje underviste observerte og gjorde videoopptak av undervisninga, og gjennomførte eit intervju med den andre basert på desse opptaka. Vi var interesserte i å samanlikne våre respektive undervisningsverktøy (konseptuelle verktøy) med tanke på underliggande hensikter og mål.
Fase to er pågåande, og skal undersøke mikropraksisar i undervisning av fri improvisasjon ved andre institusjonar i Europa. Her ser vi på val av undervisningsverktøy og korleis dei heng saman med potentielt ulike kulturelle pedagogiske verdiar.
I fase tre skal vi bruke pedagogiske intervensjonar der vi sjølve underviser i fri improvisasjon ved ulike europeiske institusjonar. Her skal vi bruke funna frå fase ein og to, med føremål om å utvikle konseptuelle verktøy som bidreg til auka refleksivitet i undervisningspraksisar der fri improvisasjon er i sentrum.
Så langt har studien blitt presentert på forskingskonferansen International Society of Music Education (ISME), Baku, juli 2018, og forskingssymposiet Creative learning processes in music: Pedagogies, or provocations?, Høgskulen i Volda, september 2019.
CEMPE finansierer aktivitetane til Guro Gravem Johansen i denne studien.